torsdag 22. januar 2009

Referat frå fagutvalsmøte 16.01.09

Desse møtte: Ingrid, Heidi, Dunja, Stian, Vidar, Eirik, Eyvind, Pål, Magnus, Hanne, Reinert, Siri, Elise, Peder og Nicolai.

Ingrid er møtestyrar.

Sak 1

Val

Leiar: Siri

Nestleiar: Peder

Økonomiansvarlig: Stian

Faglunsj ansvarlig: Eyvind (leiar), Dunja, Pål, Lise

Er 2-3 faglunsjar (januar, februar og april) under planlegging.

Fagfest: vel ansvarlege frå gong til gong.

Fagfest i februar – Siri og Heidi er ansvarleg.

Filmkveld ansvarlig: Nicolai (leiar), Eirik, Magnus og Reinert

Presenterer forslag neste gang. Føl opp tips frå sist fagutvalsmøte.

Ansvarlig fagkritisk dag 05.03: Elise, Heidi, Siri, (Ingrid, Dunja)

Ingrid informerer om at det er søkt kontakt til fakultetet, men responsen har vore laber. Råder til å gå meir direkte på dei ulike personane i framtida.

Sak 2

Tid og stad for fagutvalsmøta vert som dei har vert. Fredag kl 13 i gruppeom H.

Sak 3

Peder og Siri evaluerer fagfest 14.01. Ikkje heilt nøgd med oppmøte frå 100-nivå. Ca 40 møtte alt i alt. Vellukka fest.

Sak 4

Ingrid informerer om ”De norske historiedagene” 19.-21. Juni. Arrangementet treng ca 20 hjelparar. Førespørsel vil koma per mail.

Sak 5

Karrivalen. Vil me vera med? Lite engasjement rundt dette. Ansvarlege for fagkritisk dag vart oppfordra til å ta kontakt.

Sak 6

Tverrfaglig dag. Dunja er i god gang, og har ein plan.

Sak 7

Peder informerer om positiv samarbeidsinvitasjon frå ny fagkoordinator Arne Solli.

Bergen, 16.01.09 Reinert Skumsnes

Ingen kommentarer: